Har du lyst å driva med netthandel til andre land? Då kan dette webinaret vera aktuelt for deg. Set av ein time saman med eksportsenteret til Innovasjon Noreg, og få med deg nyttige tips om kva som er viktig å tenkja på når du planlegg internasjonal netthandel.
Webinaret vil handle om
IOSS (Import One Stop Shop) – ny regel for netthandel til EU frå 1. juli
juridiske aspekt
toll- og merverdiavgift
logistikk og lagerhandtering
Webinaret passar for deg som har ambisjonar om å selja produkt til privatpersonar (B2C) online og internasjonalt.