Internasjonal dag – korleis lukkast med internasjonal satsing og eksport

Det ligg store mogelegheiter for norske verksemder internasjonalt. For å lukkast med eksport og internasjonalisering må verksemdene ha rett kompetanse, nok ressursar og god forankring i leiinga. Innovasjon Norge inviterer dermed til ein dag på Skei med fokus på internasjonale marknadsmogelegheiter og korleis du og verksemda di kan få hjelp på vegen.

Mange norske verksemder startar si utanlandssatsing i Sverige. Vi er heldige og har fått Robert Nygårhds, direktør for Innovasjon Norge sitt kontor i Stockholm, til å gje oss nyttige tips om kva som må til for å lukkast i den svenske- og nordiske marknaden generelt.  

Storbritannia er ein viktig eksportmarknad for Noreg og situasjonen kring Brexit gjer norsk næringsliv usikre. Vi er heldige og har fått Tore Myhre frå NHO si internasjonale avdelig til å gje dagsakuell innsikt om konsekvensane for norske verksemder. Innovasjon Norge sitt Eksportsenter vil syne praktiske verktøy ein kan støtte seg på for å lykkast med eksport.

Du treff elles GIEKEksportkredittGIEK Kredittforsikring.

Det vert høve til å booke korte møter (15 min) i etterkant av programmet med fleire av innleiarane.

Sjå heile PROGRAMMET her, og meld deg på i dag