Torsdag 8. april og torsdag 15. april
Innovasjonsverkstad er ein kort workshop-serie for ei gruppe bedrifter med innovasjonsprosjekt i tidleg fase
Me deler tips, innsikt og praktiske verktøy for å bli meir effektive i innovasjonsarbeidet, på vegen frå forretningsidéhypotese til validert forretningsmodell. Og me syner korleis ein kan auke sannsynet for å lukkast ved å rette fokus mot menneskje som skal evaluere, kjøpe og bruke dei nye produkta og tjenestene.
Kven er dette for?
Innovasjonsverkstaden er eit tilbod til bedrifter med innovasjonsprosjekt under planlegging eller i tidleg fase
Kurset eignar seg best for bedrifter som ikkje er heilt nyetablerte, men som har aktivitet i marknaden allereie, og som har ambisjonar om auka, langsiktig verdiskapning.