Sogn Næring og Vik Næringssamskipnad inviterer næringsliv og arbeidsliv til frukostmøte med tema Cruisesatsinga i Vik torsdag 27. januar, kl. 07:30 - ca. 09:30 på Blix Hotel.
Det er estimert at om lag 50 000 cruiseturistar kjem til Vik i 2022, og det er derfor viktig at næringslivet i Vik er klare til å ta i mot dei med lokale varer og aktivitetstilbod. På oppdrag frå Vik Næringssamskipnad og Vik kommune jobbar Sogn Næring for ei satsing mot cruisesesongen 2022. Målet med satsinga er å legge forholda til rette for lokal verdiskaping gjennom auka fokus på cruiseturisme i kommunen.
Representantar frå Carnival Group Norway og European Cruise Service vil snakke om cruisenæringa og korleis vi kan utvikle salgbare reiselivsprodukt i Vik. Representantar frå arbeidsgruppene vil og presentere kva dei jobbar med og planane framover.