Skal verksemda selje varer til eit anna land? I dette frukostwebinaret vil Innovasjon Noreg kome med tips til kva som er viktig å tenkje på for deg som planlegg vareeksport. Fyll opp kaffikoppen og set av ein time til å vere med på dette!

Webinaret vil handle om

  • eksportdokument og lisens

  • toll og avgift

  • frihandel og opprinnelsesreglar

  • incoterms 2020

  • transport og logistikk

Webinaret passar for deg som er i startfasen og som ynsker innblikk i nødvendige prosedyrer kring eksport av varer.