• Aksello AS (map)
  • Magnus Thingnes gate 1
  • 6900 Florø
  • Dato: 31.oktober
  • Stad: Aksello AS, Kvartalet 4.etg, Magnus Thingnes gate 1, Florø
  • Tid: Kl. 10:00-12:00

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen. 

Innovasjon Noreg vil gå gjennom:

- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
- Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. 

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene hjå Innovasjon Noreg.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter (speed dates).