Gratis kurs: Frå ide til marknad
- Stad: Måløy Vekst, Gate 1, nr. 80
- Tid: 17:00-20:00
Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.
Vi vil gå gjennom:
- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
- Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din
På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.
Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.
Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter(speed dates).
Kontaktperson: Jørgen Ulrik Berg