Innovasjon Noreg Vestland inviterer til “Frå Idè til marknad” i Florø.

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

Vi ser på:
• korleis du lagar ei lettfatteleg skisse over verksemda di.
• korleis du raskt kan teste og vidareutvikle idéen din for å
maksimere sjansen for å lukkast.
• korleis du søkjer midlar til å teste og vidareutvikle idéen din.

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.