Vil du bli gründer i Sogndal? Delta på Fjellpitch i februar!
Gründerpitch og frukost
Fredag 26. februar er gründerar og idéspirar invitert til pitchekonkurranse og frukost på gründersenteret FUS på Campus Sogndal. Her får du moglegheit til å presentere din idé, knyte nettverk og høyre om gründerreisa frå etablerte gründerar.
Alt du treng å gjere er å forberede ein god presentasjon av forretningsideen din og legge den fram med entusiasme og overtyding. Kanskje dette kan vere din start på ei spennande gründerreise i Sogndal? Då kan premien til ein verdi av kr. 25 000,- vere til god hjelp. Vi ynskjer å høyre om din idé og bidra til at du lykkast! Du vil få rettleiing i forkant av konkurransen.
Meld deg på her.
Fjellpitch er eit samarbeid mellom HVL Skape, Kunnskapsparken Vestland, Sogn Næring og Fjellsportfestivalen.
Søknad
Send søknad innan 19. februar for å få delta. NB! Maks 15 plassar.
Pris: Gratis
Gir fruktbare resultat
– Dette er ei unik moglegheit for deg som går rundt med ein idé. Vi gjer dette igjen fordi vi ser kor fruktbart eit slikt arrangement er, både for gründerar og for regionen vår. Vi ønskjer å legge til rette for meir innovasjon og verdiskaping, og trur mykje ligg i å hjelpe gode idear på rett veg, seier Hilde Grinde i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.
Grinde er forretningsutviklar og har hjulpet mange gründerar til å komme seg vidare. Ho veit kva ho skal sjå etter:
– Det er ideen med størst potensial som kjem gjennom nålauget. Då ser vi både på team og gjennomføringsevne, i tillegg til idé og ikkje minst vekstpotensial, legg Grinde til.
Premie verdt 25.000 kroner!
Premien er ein rådgjevingspakke på 10 timar, kontorplass på FUS i 3 månadar og 5.000 kroner!
Tid og stad: FUS, Campus Sogndal kl. 08:00-11:00, fredag 26. februar.
NB - kan bli endringar i programmet grunna Covid-19.