Velkomen til grunnleggande etablerarkurs i Måløy

Kurset består av tre samlingar

  • 31. oktober kl. 16:30-20:30

  • 7. november kl. 16:30-20:30

  • Frå 22. november kl. 16:30-20:30 til 23. november kl. 08:00-12:00

The Lean Startup

Etablerarkurs byggjer på Lean Startup. Lean startup er ein forretningsmetode som enkelt sagt er retta mot å redusere tida det tek å utvikle produkt gjennom tidleg produktlansering, læring av møtet med kundane og tilpassing av produktet. Det reduserer både risiko og kostnader å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og dermed utvikle produkt og/eller tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.

Kurset gir ei praktisk tilnærming til etablerarprosessen og du skal lære korleis du kan starte verksemd. Kursleiar vil bruke fleire gode døme i kurset for å gjere det mest mogeleg praktisk retta og nyttig. For god og tilrettelagt læringsprosess får alle tilbod om individuell oppfølging.

Gratis kurs

Kursa er utvikla av Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, næringsselskap og kommunar. Heile kurset er gratis for alle deltakarar. Deltakarane får rundstykke, kaffe/te, kald drikke og frukt på alle samlingane, samt overnatting og middag på 3. samlinga.

Kursinnhald

etablerarkurs.png

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kursleiar, Bjørn Bratt, bjorn.bratt@len.no, eller bruk kontaktskjema for å kontakte arrangør.