17. juni 2022 arrangerer Forskingsrådet kurs for søkjarar og andre som er nysgjerrige på SkatteFUNN. SkatteFUNN er ei skatteordning for verksemder i alle bransjar som skal fremja verksemda si investering i forsking og utvikling.
Verksemder kan gjennom SkatteFUNN få 19 prosent av kostnadane i eit forsking- og utviklingsprosjekt i skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret.
På kurset får du informasjon om kva bedrifta kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet. Du får høyre frå bedrifter som fortel om sine innovasjonsprosjekt og erfaringar med SkatteFUNN.
Det blir ei økt der du kan jobbe med prosjektsøknaden og ha møter med rådgjevarar frå Forskingsrådet som til dagleg behandlar SkatteFUNN-søknadar. Rådgjevarar frå Innovasjon Noreg er også tilgjengelege for ein prat om prosjekt og andre støtteordningar.
Førebuingar til samtalar
Prosjektkanvas er Forskingsrådets verktøy for å ta deg frå idé til FoU-prosjekt. Du kan bruke Prosjektkanvas til å utvikle og forbetre prosjektideen din. Verktøyet er godt eigna for dialog med aktørar som er involverte i prosjektet og til å diskutere prosjektideen med Forskingsrådets rådgivarar.