Forretningsutvikling for kreativ næring
- To samlingar
- 25.-26.10 på Gloppen hotell kl. 12-18
- 22.-23.11 på Kviknes hotell kl. 9-13
- Kr. 1550 / reise kjem i tillegg
- Frist for påmelding: 4.okt
Kontaktperson: Inger Merete Øygard
Innovasjon Norge si satsning på kulturnæringar gir deg sjansen til å delta på eit program som er skreddarsydd for at DU skal kunne byggje ein lønsam bedrift av din kreative kompetanse.
Programmet er sentralt i Innovasjon Norges satsing på kulturnæringar og har allereie vore gjennomført mier enn 25 gangar for over 300 deltakarar.
Kven passar det for?
Bygg bedrift passar for deg som vil leve av kulturprosjektet ditt. Anten du er heilt i oppstartfasen eller du har drive ein stund, og vil bli meir lønsam.
Korleis skapar du ei levedyktig bedrift?
Målet er at du lærer korleis du finn og utviklar ein marknad for kulturprosjektet ditt, og korleis du jobbar i kvardagen for å skape ein solid og lønsam bedrift.
Du får arbeide med å utvikle forretningsidéen og forretningsmodellen din, og lærer om korleis du kan involvere kundane i arbeidet med å førebu produkta dine. Du får også arbeide med korleis du kan styre mål og oppgåver i prosjektet ditt.