Denne kurspakka er for deg som er i planleggingsfasen eller nettopp har starta ei verksemd. Her får du viktige innspel og kunnskap som gjer deg trygg i oppstartfasen

A-B-C Etablering består av kursa:

  • 1-2-3 Etablering Tre timar

    Treng du hjelp til og kome i gang? Då er kurset «1-2-3 Etablering » perfekt for deg! Mange lurer på kva selskapsform dei skal velgje, kva dei skal kalle verksemda si, kvar dei må registrere seg, kva rettar og pliktar dei har, og korleis dei kan halde oversyn over økonomi og skatt. Dette kurset gjev deg rask og naudsynt oversyn over kva du må gjere og kva formalitetar som må på plass for å få verksemda på beina.

    Les meir om 1-2-3 Etablering

  • Etablererkurs To dagar, seks timar pr.dag

    Tykkjer du det er mykje å halde styr på i etableringsfasen? Då er dette kurset for deg! Etablererkurset gjev deg grunnleggande innføring i korleis du går fram for å etablere eiga verksemd, i tillegg går det i djupna på problemstillingar du vil møte som sjølvstendig næringsdrivande.

    Les meir om Etablererkurs

  • Økonomi Illustrator Sju timar

    Visste du at spel-basert undervisning gjev raskere og betre læring? Bli med og spel deg til økonomiforståing med «Økonomi illustrator»!

    Les meir om Økonomi Illustrator