Kurset går over tre samlingar
- 1. juni - frå kl. 17-21
- 8. juni - frå kl 17-21
- 17.-18. juni - frå kl 16-21 den 17.juni og 8-11 den 18.juni
Etablerarkurs byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.
Kurset gir ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Kvar deltakar får tilbod om individuell oppfølging.
Kursa er sponsa av fylkeskommunen og kostar ingenting for deltakarane!