• Hotel Alexandra i Loen (map)
  • 6789 Loen
  • Norge

Kontaktperson:

Elin Botnen Viken, elvik@innovasjonnorge.no

Gründerar og alle som har ein god forretningside vert ynskt velkommen til ein lærerik og spennande dag i Loen den 10.mai!

Innhald

Gründerdagen Z set gründeren og dei gode ideane i sentrum. Lær om crowdfounding, alternative finansieringsmoglegheiter og korleis ein investor tenkjer. Meld deg på pitch-konkurranse og vinn flotte premiar. Høyr på og lær av gründerar som har lykkast. Få med deg inspirasjonsforedraget «Din Stryke». Delta på ei uhøgtideleg spele-sekvens og få ein praktisk tilnærming til Lean Startup prinsipp.

Lyst å delta i pitchekonkurranse ? 

  • ”Bli Z” – lær om markedsføringsstrategiar, bodskap,  kommunikasjon og trender v/ Gro Flølo (Farmhouse)
  • «Kva er Crowdfounding og Korleis lykkast på Kickstarter?” v/Simen Fure Jørgensen (Playing Lean)
  • «Frå nachspiel-idé til internasjonal merkevare» v/Simen Staalnacke og Jan Egil Flo (Moods of Norway)
  • «Dyrke Styrke» v/ Pål Knutsson-Medhus

Pål Knutsson-Medhus er vår konferansier gjennom dagen.
Sjå heile programmet her: Gründerdagen Z 2016 – Program

Arrangørar

Gründerdagen Z er eit samarbeid mellom- og vert arrangert av Innovasjon Norge, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Næringshagane i Nordfjord, Sparebanken Sogn og Fjordane, Fjord Invest og Ernst & Young.

Stad og tidspunkt

Gründerdagen vert arrangert på Hotel Alexandra Loen, 10.mai. Programmet startar kl. 12:30 og varer til kl. 18:30. Vi avsluttar dagen med eit felles måltid. På kvelden vil det bli anledning til å delta på Næringspub i forbindelse med Næringsdagane 2016.

Påmelding

Det er fortløpande påmelding. Ved påmelding før den 10. april er prisen kr. 500,-. Etter denne datoen er prisen kr. 650,-. Siste påmeldingsfrist er den 8.mai! Det er bindande påmelding. Lunsjbuffè og enkel matservering på ettermiddagen er inkludert. Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.