To gründerspirer frå NTNU har stukke av med Verdas Beste Sommarjobb 2017 – dei får seks veker til å jobbe med forretningsideen sin i Sogn og Fjordane.
Løysinga har fått namnet Munti Box, og er utvikla av Ablemagic i samarbeid med studentane Håkon Vikøren, Kristoffer Aase og Aksel Bjørnø. Sistnemnte skal delta på Gründerskolens utlandsprogram i sommar og vert difor ikkje med til Sogn og Fjordane. Alle tre kjem frå Entreprenørskapsskulen ved NTNU i Trondheim. I sommar vert Sogn og Fjordane heimplassen til Håkon og Kristoffer.
– Vi såg på Verdas beste sommarjobb som ein unik sjanse til å bruke sommarferien til å jobbe med forretningsideen, dra nytte av det gode nettverket driftig.no stiller til disposisjon og kickstarte prosjektet inn i neste semester. I tillegg hjelper det med ei såpass generøs løn i eit pressa studentbudsjett, seier dei to.
Kristoffer Aase (t.v) og Håkon Vikøren (t.h.)
Barneleike
Forretningsideen går ut på å heve besøksopplevinga for barn gjennom unike digitale opplevingar som er utvikla spesielt for det offentlege rom. Produktet, Munti Box, er eit leike-tre, med digitale skjermar festa til greinene. Med bruk av trykksensitive skjermar kan barna leike, lære, lage og utforske saman med andre. Gründerane håpar på å kunne teste ideen sin to-tre plassar i Sogn og Fjordane i sommar, for å innhente informasjon om korleis dei kan vidareutvikle produktet.
– Hovudmålet er sjølvsagt å få til eit sal i løpet av sommaren. Vi trur vi kjem til å lære mykje av erfarne ressurspersonar om det å starte ei bedrift. Forhåpentlegvis kan vi også knyte til oss verdifulle partnarar for bedrifta, seier gründerane.
Følg gründerane på driftig.no
Driftig.no stiller med det som trengst av ressurspersonar som kan hjelpe og rådgje gründerane i løpet av dei seks vekene dei skal vere i Sogn og Fjordane.
– I retur skal gründerane dokumentere opphaldet i denne bloggen. Her kjem det til å skje mykje spennande, så det kan blir moro å følgje med på, seier Ingvild Andersen, som leiar redaksjonsgruppa til driftig.no
Gründerane håpar å nytte sommaren til å komme i kontakt med andre gründerar, potensielle kundar og investorar. No kan planlegginga av sommaren starte!
Driftig ønskjer gründerane lykke til!