Viewing entries tagged
Verdas Beste Sommarjobb

Verdas Beste Sommarjobb nærmar seg slutten og ei spennande avtale

Det nærmar seg slutten på Verdas Beste Sommarjobb for Håkon og Kristoffer frå Munti Magic, og med berre ei veke igjen har vi tatt ein prat med gründerane for å sjekke status på framdrifta til prosjektet deira. Sidan dei starta jobben i juni har dei mellom anna møtt potensielle kunder og investorer, fått nyttig rettleiing frå nettverket til Driftig, utveksla ideér og erfaringar med andre gründerar i Sogn og Fjordane og arbeidd med konkurrentanalyse og aksjonæravtale. 

Verdas Beste Sommarjobb.jpg

- Verdas Beste Sommarjobb har vore eit herleg og nyttig skifte av miljø. Fagpersonar og kundar i Sogn og Fjordane har komme med friske innspel som har vist oss nye marknadar og gitt oss interessante møter med liknande prosjekt. Å bu i Førde har også vore forfriskande og idyllisk. Vi har gått på mange fine turar, deltatt på festivalar, rafta og fått gode venner. Personleg husker eg tilbake på raftinga i Førde-elva som eit lite sommarhøgdepunkt, fortel Håkon.

I tillegg til å oppleve kva trivselsfylket har å by på av kultur og naturopplevingar, har gründerane også blitt ein del av gründer- og innovasjonsmiljøet til Driftig.  

- Vi har møtt mange ressurssterke personar som har delt sine tankar og idéar rundt Munti Magic. Erfaringsutveksling og samtaler med lokale gründerar har vore veldig givande. Det å prate om prosjektet vårt er veldig lærerikt for oss, og det har også resultert i kundemøter og vidare møter med relevante marknadsaktørar som har vore viktige for utviklinga til prosjektet, seier Kristoffer.

 

Spennande avtale

Mykje hardt arbeid har gått føre seg på kontoret deira hjå Techyard der dei har bryna seg på konkurrentanalyse og salsstrategiar. Dei har også fått viktig hjelp frå Kunnskapsparken med å utarbeide ein aksjonæravtale som gir prosjektet deira ein trygg grunn å stå på.  

- Vi har fått stadfesta prosjektet sitt potensiale både frå kundane og investorane våre sitt synspunkt, og vi tek med oss verdifull erfaring frå kundemøter med Amfi og Elvetorget. Vi har også komme langt med å utvikle salsstrategiar og nærmar oss ein svært spennande avtale med ein stor aktør, røper Håkon.

Ein salsavtale var på ynskelista til gründerane då dei tok fatt på jobben i juni og det er gledeleg å sjå at det kan verte verkeleg før dei vender tilbake til Trondheim, entreprenørstudiet på NTNU og fortset på gründereventyret til Munti Magic.

 

Driftig-effekten

-  Ser det noko tydleg effekt ut av samarbeidet med Driftig no når sommarjobben går mot slutten?

- Gjennom Verdas Beste Sommarjobb har Driftig gitt oss moglegheita til å jobbe fulltid med prosjektet vårt over sommaren, noko vi ikkje hadde hatt sjansen til elles. Dei har vore alfa og omega når det kjem til å sette oss i kontakt med dei riktige personane, og når vi har fått tips om kven vi bør kontakte har vi verkeleg blitt imponert over kor langt Driftig sitt nettverk strekk seg. Sogn og Fjordane er kanskje ikkje det største fylket i innbyggjartal, men med eit innovasjonsmiljø som er så tett knytt er det fantastisk å sjå kva ein får til, seier Håkon og legg til:

- Vi må også få lov å skryte av kor komfortabelt Driftig har gjort sommarjobben for oss, med eigen bil, leilegheit, og coworking space. Det har også vore svært nyttig å sparre med ringreven Allan frå Kortmat om korleis vi best skulle forvalte tida som vi har hatt til rådigheit i sommar.

 

Siste veka

- Så med ei veke igjen kva står att på lista?

- Vi har planer om å gjennomføre eit B2B salskurs i samarbeid med Aksello i Florø, og har avtalt eit møte med Melin Medical om korleis dei utvikla sin forretningsmodell. Vi skal også møte Innovasjon Norge og sjå på finansieringsmoglegheiter for hausten. Vi har også trua på at der er fleire kunder i Sogn og Fjordane, og dei skal vi finne, svarar Kristoffer. 

I tillegg har gründerane planar om å nytte seg av nettverket på TechYard fullt ut den siste veka med gründerdrodling med Frode Sten og gutta frå Tibber.

Du kan følge dei i den siste veka på facebook og instagram.

Oppsummering veke 3

Oppsummering veke 3

I veke tre av Verdas beste sommarjobb har vi besøkt Sunnfjord Utvikling, jobba med opsjonsavtale, og vore ein tur i Florø for å besøke Aksello og Våt Moro festivalen. 

På Aksello møtte vi inkubatorleiar Vanja Viken, og vi fekk høyre om kva som går føre seg av gründerverksemd i Florø. Her er det mykje som skjer innan fisk og havbruk, og Aksello tilbyr både rådgjeving og kontorplassar til lovande oppstartar. Dei har og ein Idélab, som er eit lågterskeltilbod til gründerprosjekt i alle bransjar som (endå) ikkje er i inkubasjon.

Saman med Chester frå Runestone Interactive hadde vi ein triveleg lunsj der vi fekk fleire innspel på prosjektet vårt  I tillegg fekk vi eit lite innblikk i framtida ved hjelp av teknologien Runestone Interactive utviklar. Det er alltid inspirerande å prate med andre gründerar som jobbar med teknologi for å få inspirasjon og utveksle erfaringar.

Etter møtet med Aksello stod Våt Moro festivalen for tur. Her var det god stemning med vannsport heile helga, og vi fekk også med oss ein terningkast 6-konsert med ARY. 

Våt Moro gav meirsmak, så vi tok oss ein forfriskande svømmetur i Storevatnet i Florø på veg heim. *plask plask* 

Vi kom oss også opp på to av byfjella i Førde. Ekstremt bratt, men herleg å kome seg opp i høgda. 

Vi er no inne i vår fjerde veke, og denne veka jobbar Kristoffer med Munti Magic på TechYard mens Håkon stiller opp som koordinator for prosjektet The Journey, som er ein del av ei 5 vekers gründerskule for utanlandske studentar ved NTNU. På fredag er det duka for Gründerlunsj i Førde med Trine Skei Grande på Kafé Sobra, og vi skal få prate om prosjektet vårt. 

 
 

Driftig.no ynskjer å takke:
Festivalen Våt Moro og Frank Robert Klakegg for festivalpass
Sunnfjord Utvikling og Åshild Kjelstad Seljesæter
Aksello AS og Vanja Viken