Vestland fylkeskommune arbeider med å etablere eit nytt heilskapleg entreprenørskapssystem for nye Vestland fylke som gjev lik tilgang til støtte og rettleiing uansett kvar i fylket ein bur. Entreprenørskapssystemet skal vere eit system for dei som ønskjer å etablere verksemd eller vidareutvikle verksemda si, og for dei som driv med rettleiing, opplæring, inkubasjon og økonomiske subsidiar. Det er ønskjeleg at dei eksisterande aktørane innan entreprenørskapsstøtte skal integrerast i ei slik teneste. I påvente av at det nye tilbodet er oppe og går, skal driftig.no nyttast som nettstad, informasjonskanal og kontaktpunkt for dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle verksemd i Vestland fylke. Som ei mellombels løysing vil aktørane vidareføre tilboda sine i 2020.

Seksjonssjef Kathrin Jakobsen

Seksjonssjef Kathrin Jakobsen

Vidarefører eksisterande avtalar i 2020

Avtalane som Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt med eksterne leverandørar om etablerarkurs og rettleiing vil bli forhandla fram på nytt for 2020. Meir informasjon kjem når dette er klart. Etablerersenteret, som er eit spleiselag mellom tidlegare Hordaland fylkeskommune og fleire av kommunane i Hordaland, vil òg vidareføre tilbodet sitt i 2020 med etablerarkurs, rettleiing og nettverkssamlingar.

Ta kontakt med seksjonssjef Kathrin Jakobsen ved spørsmål, e-post adr: kathrin.jakobsen@vlfk.no, mobil: 982 55 253.